Klimanekt > Spørsmål og svar

Spørsmål og svar

Spørsmåla som «står i hermeteikn og kursiv» er spørsmål klimanekt.no faktisk har fått, spørsmåla i feit skrift er våre eigne.

«Hvorfor skal vi som overforbrukende samfunnsmedlemmer fraskrive oss ansvar? Det er jo ikke akkurat sånn at politikerne lar være å handle fordi faktisk tror at enkeltindividene kan redusere nok CO2. »

Takk for ei god innvending. Du har heilt rett i at politikarane ikkje trur at individuelt ansvar kan løyse problema. Det er heller ikkje sånn at politikarane støtt og stadig masar om personleg ansvar, dei fleste har skjønt at det gjer seg dårleg.

Men likevel har det vorte slik at forventninga om at folk tek personleg ansvar gjennomsyrar miljødebatten. Det passar media si forbrukarvinkling på alt mogleg heilt ypparleg. Seinast i går var det ein TV-reportasje frå ei reisemesse, og reportaren spurde naturlegvis kva som var den mest klimavenlege feriereisa han kunne få kjøpt der. Og politikarane sit musestille og seier ikkje eit pip, og håpar at ingen legg merke til at dei opnar for endå eit nytt olje- eller gassfelt! Poenget er at vi må slutte å diskutere bagatellar. Og når dei store grepa er tekne, og vi til slutt kjem så langt at ferieresiene står for tur, så må vi diskutere korleis dei knappe ressursane kan fordelast på ein rettvis måte, og ikkje korleis dei mest samvitsfulle av oss skal unngå å få sår på sjela.

Men det er vel viktig å gå føre med eit godt eksempel?

I mange tiår har idealistar gjort det. Hadde det fungert ville vi visst det no.

«Hva med å heller kreve at politikerne går i spissen for felles miljøinnsats fordi vi andre prøver å gjøre en innsats?»

På mange måtar er det jo det idealistar har drive med sidan tidenes morgon. Problemet med den strategien er at smitteeffekten har ikkje vore overmåte stor. Forbruket veks faktisk framleis år for år, så presset på politikarane er minimalt.

Er klimakrisa reell?

Det kan vi ikkje vite noko sikkert om. Men det vi veit er at eit stort fleirtal av klimaforskarane meiner det. Vi kan ikkje stikke hovudet i sanden og ta sjansen på at dei tek feil. Sjå How It All Ends på Youtube.

Men kva med Kina?

Kina og andre utviklingsland blir ikkje med utan at dei rikaste landa tek eigne kutt.

Kva med CO2-reinsing?

Det gjenstår å sjå om det blir noko av og kor mykje det monnar.
 
 

klimanekt.no

 

Home