Klimanekt > Opprop

Opprop

Til våre folkevalde

I siste valkamp forsikra de oss nok ein gong om at de tek klimakrisa på alvor. No må de ta det ansvaret vi har gjeve dykk som folkevalde og slutte å dytte ansvaret tilbake på oss. Vi gjer det med dette klinkande klårt at

  • vi nektar å reise mindre med fly og bil så lenge olja blir pumpa opp og svidd av uansett
  • vi nektar å spare på straumen så lenge nye gasskraftverk gjev oss meir elektrisk kraft enn nokon gong
  • vi nektar å shoppe mindre så lenge nye kjøpesenter sprett opp som paddehattar og reklame fyller postkassene og TV-skjermane våre
  • vi nektar å delta i ein uforpliktande klimadugnad der det er billegare og enklare å stå utanfor
  • og vi nektar å ha dårleg samvit for noko av dette

Vi nektar fordi vi ikkje godtek at personleg ansvar skal vere ei sovepute for dykk som sit med makta. Vi skal gjere vår del av jobben, men på to enkle vilkår:

  • Vi skal ha ein garanti for at vår innsats ikkje blir eten opp av andre. Det vil seie at det fyrste som må skje er at klimautlseppa snur og går ned der hushaldningane ikkje har noko ansvar. Ikkje minst gjeld det olje- og gassnæringa. Her held det ikkje med fagre ord og løfte, vi trur det ikkje før vi ser det.
  • Dernest skal vår innsats skje i fellesskap, det skal vere forpliktande for alle. Vi blir ikkje med dersom rikfolk og priviligerte får halde fram som før medan vi spinkar og sparar.

Tidlegare kunne ein skrive under på opprop.no, men oppropet er avlyst for denne gong. Takk til dei 83 modige som skreiv under. Kanskje vi prøver ein gong til når saka har fått modna seg.

 
 

klimanekt.no

 

Home