Klimanekt > Kven står bak?

Kven står bak?

Eg heiter Erik Haugan. Eg bur på Stord i Hordaland, er ingeniør og arbeider i olje- og gassnæringa. Eg har alltid vore litt miljøbevisst og ville gjerne leve deretter. Men no er det slutt. Eg orkar ikkje lenger å ha dårleg samvit for å reisa med fly, for å arbeide i den bransjen eg arbeider og for å hive TV-en før han konkar. Klimakrisa kan ikkje løysast med personleg innsats frå nokre få, og då hjelper det heller ikkje å ha dårleg samvit for å ikkje bidra. Med dette oppropet lettar eg ei bør frå skuldrene mine, eg nektar å ta ansvar for eit problem eg ikkje kan gjere noko med.

 
 

klimanekt.no

 

Home